Tore Ljøkjel

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Tore LjøkjelSymbol unrelated.svg
Født: 30. desember 1969 (54 år)

Tore Ljøkjel (fødd 30. desember 1969) er ein musikar frå Molde som bur i Søgne. Han tok lærerutdanning på Kristiansand lærerhøgskole og tilleggsutdanning i spesialpedagogikk og musikk. Deretter var han lærar på barneskole og på folkehøgskole nokre år før han etter kvart vart musikar på heiltid.

Alt som liten starta han å spele blokkfløyte, sidan vart det kulturskule med klarinett og obo før han kjøpte sin første saxofon for konfirmasjonspengane. I 2000 ga han ut si første plate.

Han er spesielt kjent for å spele musikk frå kyrkjetårn og har spelt 12 konsertar i juletida frå kyrkjetårnet i Kristiansand domkirke kvart år sidan 2001. Fram til 2017 hadde ha spelt frå 60 tårn. Han er også kjent for å spele for turistar på Hurtigruta på tur langs kysten (15.mars til ut mai, 2011-2014). Onsdag 2. august 2017 hadde han konsert i Hylestad kyrkje. Han har også spelt i Setesdal fleire andre gonger.


Diskografi

  • Hjemlengsel/ Homecoming 2012
  • The arctic awakening 2012
  • Pust av himmel 2005
  • En håndfull håp 2002
  • Uten ord 2000

Eksterne lenker