Tor Skomedal

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Tor SkomedalSymbol unrelated.svg
Tor Skomedal.jpg
Født: 29. mars 1947 (72 år)

Tor Skomedal (fødd 29. mars 1947) er lækjar, dr. med., spesialist i klinisk farmakologi og professor emeritus ved Farmakologisk institutt, Universitetet i Oslo. Han studerte medisin der frå 1966 til 1972. I januar 1975 vart han tilsett ved universitetet og der arbeidde han i nesten 40 år til han slutta i august 2014.

Som den fyrste setesdøl tok han doktorgraden i medisin i 1984 på arbeidet Some aspects of α- and β-adrenergic receptors and mechanical effects in rat myocardium. Sidan det har han vore ein svært produktiv forfattar av vitskaplege artiklar. Han er registrert med 199 artiklar der han er hovudforfattar eller medforfattar.

På fritida er Tor Skomedal engasjert i Oslo Songdanslag, der han dansar saman med kona Anne Skomedal. Han er etterkomar etter eidsvollsmannen Eivind Tarkjellson Lande gjennom oldefaren Torkjell Lande. Torkjell kjøpte gard på Skomedal og skreiv seg etter kvart Skomedal.

Kjelder[rediger]