Tonje Haugjord Refsnes

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Tonje Haugjord RefsnesSymbol unrelated.svg
Født: 13. november 1994 (25 år)

Tonje Haugjord Refsnes (fødd 13. november 1994) er handballspelar i toppserien for kvinner. Ho spelar for Vipers Kristiansand. Tonje er frå Evje, men bur no i Kristiansand.

Tonje spelte handball i Otra IL i barne- og ungdomsåra. I 15-årsalderen gjekk ho over til Randesund IL. Før handballsesongen 2014/2015 fekk ho altså kontrakt med toppserieklubben Vipers.

Søndag 26. mars 2017 var Tonje med på laget da Vipers sikra sølvmedalje i eliteserien for kvinner 2016/2017 med 40-20 seier over Glassverket i Aquarama, Kristiansand. Fredag 29. desember 2017 var ho med på laget då Vipers vann 30-17 over Stabæk i NM-finalen i Oslo. Tonje blei med det ein av dei ytterst få idrettsutøvarane frå Evje som kan titulere seg Noregsmeister.

Foreldra til Tonje er Marit Haugjord og Terje Refsnes.

Eksterne lenker[rediger]