Terjei Ramse

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Terjei Ramse
Født: 15. november 1918
Død: 25. desember 2013 (95 år)

Terjei Ramse (fødd 15. november 1918, død 25. desember 2013) budde på Åmli sjukeheim då han feira 95-årsdagen 15. november 2013. Han dreiv garden på Øvre Ramse i Tovdal saman med kona Wiel Ramse, som var frå Brummunddal og som døydde i 2012. Sonen Olav-Gunvald Ramse har teke over gardsdrifta med sauehald. Dottera Reidun er lærar på Austlandet.

Ramse var aktiv i lokalpolitikken som representant for Senterpartiet. Han har og vore leiar i Aust-Agder bondelag og vart i 2012 utnemnd til æresmedlem.[1] Han etterlet seg to barn, svigerbarn, barnebarn og oldebarn. Gravferda var frå Tovdal kyrkje tysdag 7. januar 2014. Like kjært som blomar var ei gåve til Tovdal kyrkje.[2]

Referanser[rediger]

  1. Tarjei Ramse i Åmli fylte 95 år fredag. Artikkel i Setesdølen nr. 91, 2013 side 2
  2. Dødsannonse i Setesdølen nr. 102, 2013 side 2