Tarjei Asbjørnson Rysstad

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Tarjei Asbjørnson Rysstad
Født: 2. april 1887
Død: 19. juli 1984 (97 år)

Tarjei Asbjørnson Rysstad (fødd 2. april 1887, død 19. juli 1984) var småbrukar på Rysstad. Ved sida av gardsdrifta dreiv han som kreaturhandlar og ljåsmed. Han var den siste ljåsmeden i Setesdal, og namnet hans var kjent langt utom fylkesgrensa, ikkje bare som ljåsmed, men som ein altmogleg smedkunstnar med hamar og ambolt.

Far hans, Asbjørn, var og smed, og frå han var 13 år var Tarjei med i smia. Han drog belgen opp og ned og heldt såleis varmen ved like. Etter kvart fekk han prøve seg med smiing, det starta med knivblad, men folk hadde bruk for utstyr til kjerrer og sledar, hestesko, hestetrugar, veistar av jarn og til og med kløvreidskapar. Om vinteren smidde dei ljær, dei måtte ha mange ferdige til våren kom, for då drog dei av stad for å selje varene. Han hadde faste tingarar av dei lokale forretningane, ikkje bare i Hylestad, men i heile Setesdal og somme stader i Telemark. Mest selde dei likevel vestover, særleg Sirdal.

Kjelde[rediger]