Såvesteinen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Såvesteinen ligg like ved riksveg 9 i Sandnes.
Foto: Reidar Tveito
Såvesteinen etter det mislukka forsøket på å flytte han hausten 2016.

Såvesteinen er ein stein på Sandnes i Valle. Den er ei stor flyttblokk på jordet på austsida av vegen.

Tradisjonen fortel at denne steinen kom med eit fælt ras for lenge sidan, og han vart liggjande midt i ålmannvegen. Bonden Såve ville flytte på steinen. Han prøvde difor å grave under han for å få det til. Men medan han heldt på med det, tok steinen til å rugge, så han greidde bare så vidt å kome seg opp og kaste seg unna. Treskorne hans vart liggjande att under steinen og skal framleis vere der.

Det budde ein Aslak Såvesson på Nordstog Sandnes (bnr. 1) i 1655, far hans var Såve Aslaksson, kan hende er det han sagnet er etter.

Men på 1700 talet budde Såve Gjermundsson Sandnes her. Og på 1800-talet budde Såve Aslaksson Bø på bruk nr. 6.

I samband med bygginga av den nye trasèen for Riksveg 9 forbi Sandnes, skapte Såvesteinen mykje hovudbry for Statens vegvesen. Steinen låg for nære den nye traséen, og måtte flyttast. Men eit forsøk hausten 2016 på å lyfte steinen vekk med ei svær mobilkran var ikkje vellukka, og nye forsøk måtte til. 30. januar 2017 løfta firmaet Nordic Crane i Kristiansand steinen 5-6 meter vekk frå vegbanen med dei største heisekranane på Sørlandet, og problemet var løyst.

Kjelder

  • Statens Vegvesen: Konsekvensutgreiing rv.9 Sandnes – Harstadberg. Fagtema kulturmiljø side 8
  • Johs. Bjørkeli, Såvesteinen skaper nytt hodebry for vegvesenet, artikkel i Fædrelandsvennen 7. desember 2016, side 13
  • Såvesteinen vart flytta, artikkel i Setesdølen nr. 9, 2017, side 1