Stylt

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Edvina Hadzic (t.v.) og Unni Abusdal.

Stylt er ein klede-, gåve- og interiørbutikk ved innkøyringa frå Riksveg 9 til Evje sentrum frå sør. Innehavarar er Edvina Hadzic og Unni Abusdal.

Historie

Unni Abusdal dreiv først butikken Stylt i Arendalskrysset nord i Evje sentrum. Butikken førte skandinavisk design, mote og interiør. Opningsdagen var fredag 24. november 2017. Edvina Hadzic dreiv Fryd Evje heilt sør i sentrumsgata. Hausten 2018 gjekk Edvina inn i eit samarbeid med Unni på Stylt, om ein felles gåve-, interiør- og klesbutikk i lokala til Fryd. Den «nye» butikken, under namnet Stylt, opna 27. september 2018.

Kjelder

Eksterne lenker