Storemyr (Lauvås)
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn
Storemyr er eit svært, dels oppdyrka myrområde på Lauvås i Hægeland heilt nord i Vennesla kommune.
Den gamle kløv- og ridestigen Fjellmannsvegen gjekk over Storemyr. Langs austre delen av den oppdyrka delen av myra var vegen hellelagt. Det var for å gjere det lettare å kome tørrskodd over myra. Gjennom årtidene har hellene sunke djupare ned i myra. Men med stikkprøver kan ein framleis finne ut kor vegen gjekk.
Kjelder
- Informasjonsskilt på staden
- Torfinn Normann Hageland, Gamle veger i Vest-Agder, utgjeve av Statens vegvesen Vest-Agder, 2000, side 178