Stein Versto

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Stein VerstoSymbol unrelated.svg
Stein-Versto.jpg
Født: 30. desember 1957 (61 år)

Stein Versto (fødd 30. desember 1957) er ein forfattar frå Rauland. 1. oktober 2016, sauesjådagen, hadde han poesikonsert i Valle kyrkje.

Stein Versto er cand.mag. frå Universitetet i Oslo med faga historie, folkeminne og musikk. I 1988 tok han forfattarstudiet ved Høgskulen i Telemark og i 1990 debuterte han med novellesamlinga Ho blei borte i trappene, som han fekk Tarje Vesaas' debutantpris for. Frå 1997 til 2002 var han konsulent og redaktør i Det Norske Samlaget. Han har også omsett fleire bøker, og det var han som omsette teksten til operaen Tryllefløyten av Mozart til den nynorske folkemusikkoperaen Tryllefløyta i 2004. I 2007 vart han vald inn i Det litterære råd i Den norske forfatterforening, frå 2009 til 2013 vart han leiar der.

Som forfattar har Stein Versto skrive tekstar til Odd Nordstoga, gruppa «Bukkene Bruse» og Herborg Kråkevik. Han har og skrive tekstar for kona si, Berit Opheim Versto. Han er også spelemann og ga i 2011 ut plata Urjen med slåttar etter Olav Groven og Eivind Groven.

Utgjevingar[rediger]

Bøker
  • Ho blei borte i trappene – noveller 1990
  • Innfalda tid, minne – dikt 1995
  • Snø i partituret – dikt 2000
  • Nidaros – roman 2013
Musikkalbum
  • Urjen CD 2011

Kjelder[rediger]

Om Stein Versto på Wikipedia