Bygland stadion

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Bygland stadion er ein grasbane for fotball ved KvålsånaKvålsmoen i Bygland. Her arrangerer Bygland IL mellom anna Bygland Cup (Gladfotballen) kvart år. Ved stadion er det eit heilt nytt klubbhus.

Historie[rediger]

Glade fotballborn frå Bygland på Bygland stadion under Bygland Cup 27. august 2016.
Foto: Geir Daasvatn

Alt i 1939 sette Idrettslaget Reinen ned eit utval som skulle arbeide med å skipe til ein idrettsplass på Bygland. Knut Ødegård, Dreng Såghus og Olav Bygland var med i nemnda. Arbeidet låg nede under krigen, men blei teke opp att alt i mai 1945. I 1947 gav Staten samtykke til oreigning av areal til idrettsplassen. Det var tale om ca 12,1 mål, der ca 9 mål skulle kome frå Øvre Kvåle og ca 3 mål frå Øvre Haugå. Vederlaget skulle etter overtakst vere 6 400 kroner. Kommunen løyvde 3 000 kroner, resten av kjøpesummen måtte idrettslaget dekke. Ved sida av gåver frå bygdefolk og andre midler, tok idrettslaget opp eit lån på 2 000 kroner i Bygland Sparebank for å betale for grunnen. Då 500 kroner var betalt, i 1959, vedtok Bygland kommune å gjere opp restlånet. Sjølve opparbeidinga av plassen skulle idrettslaget stå for.

Arbeidet kom godt igang rundt 1950, men stogga opp igjen på grunn av tvist om vegrett fram til banen. Først i 1963 tok arbeidet til for fullt igjen.

Det fine, nye klubbhuset.
Foto: Geir Daasvatn

«Den store pådrivaren i arbeidet med idrottsplassen på Bygland var Egil A. Berntsen, mangeårig formann i Reinen», skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt. Han hadde mange gode medhjelparar. Mellom dei trekk fram Eivind Attestog og Svenn Kvaale.

Kjelder[rediger]

Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VII, utgjeve av Bygland kommune, side 279-280