28. oktober 2018 vil Setesdalswiki være nede for oppgradering.

Slektenes lovsong

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Slektenes lovsong er eit nyskrive verk frå 2018 med tekstar laga av forfattaren Olav Mosdøl, Kviteseid. Det er tonesett av komponisten Oddbjørn Aase, Seljord.

Verket handlar om samspelet mellom natur og menneske, tradisjonar og verdiar. Musikken til tekstene hentar inspirasjon frå det musikalske slektstreet, både innafor og utanfor det reint kyrkjelege. Her er ballade, gospel, tango, barnesong, gregorianske og austlege vekster i full blomst. Korinnslaga er ulike i format frå a capella med fire og to stemmer, firstemt kor med piano - og i samsong med alt- og barytonsolist. Det er skrive arrangement for pianist, fløytist, kontrabass. Korverket er ein nynorsk produksjon.

Slektenes lovsong har desse avdelingane:

  1. Me syng (Kor capella)
  2. Løyndom i ordet
  3. Songen gjennom alle tider (Alt, kor)
  4. Han er i fjellet (kor)
  5. Min engel kom ned (Baryton, kor, fløyte)
  6. Marias mysterium
  7. Betlehem (Baryton, kor, piano)
  8. Har du granska (Alt, kor)
  9. Eg vil plante ein hage (kor)
  10. Herre om eg kunne (Alt)
  11. Nokon treng oss (kor)
  12. Du er den rosa (Baryton, kor)
  13. Nytt er livet (Alt, kor)
  14. På reise i verda (kor)
  15. Trø varleg min fot
  16. I dag stig ein lovsong (Alt, baryton, kor)

Hausten 2018 vart det framført i Kviteseid kyrkje 23. september 2018, i Granvin kulturhus i Seljord fredag 19.oktober 2018 og i Valle kyrkje laurdag 20. oktober 2018. Ved framføringa medverka desse:

Solistar
  • Alt: Anne Gravir Klykken, Skien
  • Baryton: Peder Arnt Kløvrud, Oslo
  • Resitasjon: Olav Mosdøl
Musikarar​
  • Klaver: Øivind Bangor, Seljord
  • Bass: Jon Rørmark, Bø
  • Fløyte: Ingri Elise Engeland, Kviteseid

Kjelder[rediger]

  • Opplysningar frå programheftet til konserten