Sesilåmi 2023
Hopp til navigering
Hopp til søk
Sesilåmi 2023 var eit turløp på ski som blei arrangert mellom Brokke i Setesdal og Sinnes i Sirdal søndag 19. mars 2023. Vinnar i herreklassen var Aron Åkre Rysstad, Valle IL, 2.30.56. Han vann eit spurtoppgjer med Stian Hoelgaard, Gjesdal IL/Team Aker Dæhlie, som kom i mål eit halvt sekund bak på 2,30.57. Rett bak desse to kom Einar Kalland-Olsen, Gjesdal IL/Exsitec Ski Team, med tida 2.30.59.
Kvinneklassa blei vunne av Elin Uppstad, Valle IL, 3.05.01.
Rundt 520 løparar var påmeldt i rennet. Løpet blei avvikla i eit skiftande vintervêr med noko skodde.
Kjelder
- Olav Åsen Haugsgjerd, Aron vann Sesilåmi, artikkel i Setesdølen nr. 23, 2023, side 7
- 🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.