Så lenge sidan

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Så lenge sidan er eit dikt av Tormod Uleberg.

Tekst

Sumaren reiser berre - stille.
Haustvinden skrik i karmar og
hengsler.
Målingflak kverv hjelpelaust.
Minna frå mange sumrar fyller
hugen:
Då eg var 17 og såg ljose jenter
med sveitte i håret.
Då eg var 18 og tykte Gunnar
Austegard spelte mest trolsk
av alle, men han fekk berre
tredje premie på spelemannsstemnet.
Det året då eg såg soloppgangen
liksom sluke meg i voldsomme
fargevibrasjonar.
Då eg blyg gjekk framom den
vakre ukjente jenta og berre
beit i ei søtsmakande blåklokka.
Det var då folk på 40 var oldingar.
---
Vinden aukar på - regndropane
slær som spiker mot ruta.
Tung i hug og kropp reiser
eg meg, set meg føre TV-skjermen
og ser Dagsrevyen med eit sukk.

Kjelde

Setesdølen nr. 71, 1980 side 2