Rossedalen
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn
Rossedalen er eit lite dalsøkk mellom Vikelid på Sandnes og Rosevall i Åraksbø, på sørsida av Vikfjell. Rossedalsbekken renn gjennom dalen. I eldre tider gjekk det rideveg langs fjordkanten mellom Sandnes og Åraksbø. Ved flaum kom dei vegfarande ikkje forbi Klyvi med hest. Då måtte dei ta opp Rossedalen og forbi Rosevall.
Kjelder
- Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg - vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, side 97
- Norgeskart.no