Rishaug
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn
Rishaug er eit gardsbruk (Evje og Hornnes gnr. 52 bnr. 1) på Åneland i Evje. Ved sida av eit mindre areal i sjølve Ånelandsbygda, høyrer ein større teig på heia ved Store Krokevatnet til eigedomen. Eigarar er Terje Vasland og Rita Vasland. Dei har sidan 2016 drive Evje Hundepensjonat på eigedomen.