Ribe Betong
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ribe Betong er ein betongleverandør med hovudkontor på Mjåvann industriområde i Kristiansand. Pr. 2022 har dei åtte betongstasjonar på Sørlandet. Mellom desse er stasjonar i Åseral og på Rysstad. På Rysstad overtok dei ferdigbetong-verksemda til Nomeland Maskin i 2022. Firmaet leverer ferdigbetong til både privatpersonar, private verksemder og det offentlege. Det er rundt 150 tilsette i selskapet.
Kjelder
- Heimesida til Ribe Betong
- Ribe Betong, annonse i Setesdølen nr. 88, 2022, side 22