Reidun Omnes

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Reidun Omnes
Født: 21. juli 1951
Død: 11. juni 2007 (55 år)

Reidun Omnes (fødd 21. juli 1951, død 11. juni 2007) budde i Grendi. Ho sovna inn på Byglandsheimen etter lang tids sjukdom og etterlet seg barna Aud, Pål Helge, Tor Jørgen og Stian, svigerbarn og barnebarn. Gravferda var frå Årdal kyrkje fredag 15. juni 2007 klokka 12. Like kjært som blomar var ei gåve til gynekologisk avdeling ved SSK.

Ho var fødd og oppvaksen i Grendi, og der hadde ho det aller meste av sitt vaksne liv. Etter ordinær skulegang fekk ho seg arbeid på Landeskogen. Sidan tok ho hjelpepleiarutdanning i Grimstad, og då Landeskogen vart lagd ned, arbeidde ho ved PUH-bustadane på Byglandsfjord. Dei siste åra var ho hjelpepleiar på Byglandsheimen. I fritida engasjerte ho seg politisk og var leiar i det lokale kvinneutvalet i Bygland Ap.

Kjelde[rediger]