Pågang Næringshage
Hopp til navigering
Hopp til søk
Pågang Næringshage er eit regionalt utviklingsselskap (AS). Gjennom ulike tenester bidreg selskapet til næringsutvikling i kommunane Åmli, Gjerstad, Tvedestrand, Risør og Vegårshei. Dei bidreg også i næringslivet i Setesdal, mellom anna gjennom samarbeid med Setesdal Vekst. Frå 2022 vil Næringshagen vere etablert med kontor i Byglandstunet. Det er tre tilsette i selskapet. Camilla M. Grantham er dagleg leiar.
Kjelder
- Om Pågang Næringshage på nettsida deira
- Sigurd Haugsgjerd, Pågang næringshage etablerer seg i Byglandstunet, artikkel i Setesdølen nr. 13, 2022, side 5