Peer Gynt-historie frå Njardarheim 1956

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Reinsdyr

Midt i Setesdal Vesthei ligg Njardarheim. Kvar haust vert det jakta på villrein i dette området, men ellers så får reinen vera i fred. Særlig i kalvingstida er det restriksjonar på ferdsle i heiane der reinen held seg. Jakthistoriane er mange, og nedanfor er ei som stod å lesa i Agderposten i 1956, som dei igjen hadde saksa frå Agder Tidend:


Jeg hoppa opp på reinen, og dyret måtte til pers!

Peer Gynthistorie frå Njardarheim

Utruleg bragd av Olav K. Åmli under villreinjakta i haust

Setesdølen Torleiv Bø fortel denne utrulege Peer Gynt-historia til Agder Tidend. Det hende under villreinjakta i haust:
Olav K. Åmli, stiltra seg ein dag inn på ein flokk. Det var skodde, og alt gjekk greit med å koma på kloss hald. Da han skulle til å skjota, sprang det ei fjør i sikringa, og hevarmen på geværet let seg difor ikkje rikka.
Men Olav ville ikkje gjeva seg. Som ein katt smøygde han seg vidare på flokken, for så med eit tigersprang å byksa beint på næraste dyret.
Det var å likna på bukkerittet åt Peer Gynt, berre det at denne gonga ikkje karen gav seg. Reinen måtte til pers, og Olav freista leida den fram til dei andre jaktkameratane. Det ville ikkje reinen. Så tok han og batt den og hauka på dei andre, så dei skulle koma og få syn for segn at han våpenlaus hadde fanga rein.....

Kjelde

  • «Jeg hoppa på reinen, og dyret måtte til pers!» Agderposten, 15. oktober 1956.