Palmer Taksdal
Palmer Taksdal | ||
---|---|---|
Født: | 31. august 1911 | |
Død: | 16. september 2000 (89 år) |
Palmer Taksdal (fødd 31. august 1911, død 16. september 2000) var bonde på Langeid. Han er også kjent som heiesjef i Langeidheia, i over 50 år var han i heia som gjetar. Arbeidsområdet hans var på 200.000 mål og omfatta Langeidheia, Hegglandsheia og Langvassheia. I dette området starta han som smalagut tidleg på 1930-talet og endte opp som heiesjef som avslutta på 1980-talet.
Namnet Taksdal er frå Time på Jæren. Der vaks han opp på ein sauegard, men då han ikkje var eldst, måtte han finne seg arbeid utanom garden. Han hadde forskjellig lausarbeid som ungdom, men i 1932 vart han gjetar under Sven Skårland - Bakka-Sven. Den sommaren var han i Litle-Langeidheia. Frå 1933 til 1942 arbeidde han for Børge Undheim, men i 1943 vart han sjølv heiesjef. I åra fram til 1965 delte han ansvaret med Sven Undheim, deretter var han åleine.
Fyrst på 1950-talet gifta han seg med Gyro Taksdal, fødd Langeid. Dei fekk barna Anne Pauline, Liv og Marit Taksdal. Då kjøpte han ein gard på Langeid og forpakta ein annen. Her dreiv han med sauer, kyr og storfe. I tillegg gjekk han rundt på klypping og slakting. Han budde i Bjørkehagen Langeid, som han sette opp i 1953-54.
Kjelder
- Digitalarkivet Dødsfall i Norge (1947) 1995-april 2001 Palmer Taksdal
- Å, eg veit meg ei hei Artikkel av Lars Gaute Jøssang og Torbjørn Hertel-Aas hos Jærmuseet side 26 og 41
- Norges bebyggelse : Sørlige seksjon Herredsbindet for Aust-Agder Vestre del 1956 side 76