Onsdagsprogram i Valle Radio 20131030

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Onsdagsprogram i Valle Radio 20131030 er sida til sendinga i Valle Radio onsdag 30. oktober 2013. Denne kvelden var det overføring av møte i Valle kommunestyre i Valle Radio, og Torhild Sandnes var teknikar.

Program

Kunstnarleg innslag

PS 60/13 Referatsaker

  • RS 26/13 Årsmelding Setesdal PPT 2012
  • RS 27/13 Årsmelding 2012 - Setesdal Barnevern
  • RS 28/13 Underteikna samarbeidsavtale «Barn i rusfamilier»
  • RS 29/13 Kjøttfri måndag

PS 61/13 Førespurnader

PS 62/13 Investeringsbudsjett 2013

  • - Bruk av ledige lån
Vedtak i Formannskapet

Kommunestyret vedtek investeringsbudsjett slik tabellen viser. Finansiering ved bruk av ledige lån på kr 18 518 692 og nytt låneopptak på kr 12 000 000 til investeringstiltak i 2013. I tillegg skal tilhøyrande momskompensasjon og øyremerkte tilskot nyttast til delfinansiering av prosjekta.

Vidare utbygging av aksessnett fiber i høve avtale mellom Valle kommune og Agder Breiband blir finansiert ved bruk av disposisjonsfond innafor ei kostnadsramme på kr 2 600 000,-.

PS 63/13 Tertialrapport

  • Pr. 31.08.2013
Innstilling til vedtak

Kommunestyret vedtek investeringsbudsjett slik tabellen viser. Finansiering ved bruk av ledige lån på kr 18 518 692 og nytt låneopptak på kr 12 000 000 til investeringstiltak i 2013. I tillegg skal tilhøyrande momskompensasjon og øyremerkte tilskot nyttast til delfinansiering av prosjekta.

Vidare utbygging av aksessnett fiber i høve avtale mellom Valle kommune og Agder Breiband blir finansiert ved bruk av disposisjonsfond innafor ei kostnadsramme på kr 2 600 000,-.

PS 64/13 Finansiering - renovering Markensgata 1

Vedtak i formannskapet

Renovering av leilegheit i Markensgata 1 vert finansiert ved bruk av fond 25699306 på kr 152 120,93 og fond 25699063 på inntil kr 50 000,-.

PS 65/13 Valle Bygdeheim - prinsipp for ombygging

Vedtak i formannskapet

1. Kommunestyret godkjenner prinsipp for ombygging av Valle Bygdeheim med bygging av 4 nye omsorgsleilegheitar, jfr. vedlagte teikningar datert 18.04.13. Som ein konsekvens av dette blir antall pasientrom på Valle bygdeheim redusert med 7 rom.

2. For resterande del av Bygdeheimen blir lokalisering av dei ulike avdelingane, med nødvendige tilpassingar/justeringar, slik som det er pr. d.d, jfr. teikning datert 25.09.13 som på prinsippnivå viser plassering av dei ulike avdelingane. Planlagt sansehage blir utifrå dette plassert på kommunal grunn mot nord-aust.

3. Kostnadane for ombygginga blir tatt inn i framtidig økonomiplan.

PS 66/13 Rekneskap 2012, Øyne Industribygg Valle KF

Vedtak i formannskapet

Det framlagde årsrekneskap, med eit overskot på kr. 94.642,60 vert vedteke som Øyne Industribygg Valle KF sitt årsrekneskap for 2012 med fylgjande tillegg:

Kr 94.642,60 vert sett av på Disposisjonsfond drift for å dekke framtidige kapitalkostnader, vedlikehald og andre driftskostnader.

PS 67/13 Detaljregulering for Helle Herberge, Moen, Helle.

  • 2. gongs handsaming i planutvalet. Slutthandsaming i Kommunestyret.
Vedtak i Plan- og miljøutvalet

1. Detaljreguleringsplan for Helle Herberge, Moen, alle plandokumenta sist korrigerte 06.09.13, vert vedteke, jfr PBL § 12-12.

2. I samsvar med PBL § 12-4 gir Valle kommune forlenging av frist for igangsetting av tiltak med 2 år.

Eksterne lenker