Ole Hangaard

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Ole Hangaard
Født: 31. mars 1854
Død: 30. oktober 1936 (82 år)
Ole Hangaard i 1916.
Foto: Ole Hangaard
Her har Ole Hangaard bore med seg tungt utstyr opp på Årdalsknapen. Biletet vart seld som prospekt etterpå, og difor finnes det kopiar ennå.
Foto: Ole Hangaard

Fotograf Ole Hangaard er eit namn som raskt kjem til synes for dei som har interesse for gamle bilete frå Setesdal. Han vart født i Øvre Rendal i 1854, og som godt vaksen omkring 1880 flutte han med kone og 8 born til Flekkefjord. Etter at kona hans døde i 1905, gifta han seg på nytt, og flutte omkring 1914 til Mosby. Her hadde han kjøpt den gamle skysstasjonen. Ole Hangaard døde i 1936.

Reiste rundt som fotograf. Hangaard reiste mykje rundt i Noreg, i sine seinare år mest i Vest-Agder og Setesdal. Mellom anna kan nemnast at han var med på møte i Valle indremisjon, og spela då på fløyte. Dette var i 1907. Han fotograferte skuleklassar, soldatar, foreiningar og ansette på ymse verksemder. Dette var i ei tid då berre eit fåtal hadde utstyr til fotografering. Slikt utstyr var kostbart, og var nokså tungt og uhandterleg å taka med på tur, og ein måtte framkalla bileta sjølv. Han tok også bilete av by og bygd som vart seld som prospektkort.

Arbeidsområder. Stord frå omkring 1880, Flekkefjord frå rundt 1900, Drøbak 1908, frå 1911 og utover i Søgne og frå 1914 på Mosby, Gimlemoen og Evjemoen. Saman med eldste sonen dreiv han fotografverksemd i Flekkefjord fram til 1920-åra.

Lagnaden til bileta. Hjå Preus Museum kan ein lesa: Platesamling og utstyr ble ca. 1946 - 1950 nedgravd pent oppstablet på søppelfylling ved Evjemoen. Dette er lei lesnad for folk som har interesse for gamle bilete. I Hangaards tid nytta fotografane glasplater som negativ under fotografering. Seinare kom amerikanske Kodak med sin rullefilm av plastmateriale. Om ein med varsemd hadde grave fram dei gamle glasplatene med bilete på, så er dei nok både knust og øydelagt nå. Sjølv om dei originale bileta er vekke, så har ein allikevel mange kopiar rundt om, ikkje minst som prospektkort. Kven har vel ikkje sett gamle bilete i svart-kvitt med påskriften Fotograf Hangaard.

Kjelder[rediger]

  • Preus Museum, 3192 Horten
  • Sverre Lund: Valle indremisjon 100 år. 1992. side 28. ISBN 82-992468-0-6