Olav T. Birkeland

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Olav T. Birkeland
Født: 3. november 1918
Død: 2003 (alder 84–85)

Olav T. Birkeland (1918-2003) var sjåfør og dreiv transportforretning på Evje. Han arbeidde som ung i sykkelverkstaden til faren Thomas Birkeland på Evje. Olav var aktiv i motstandsrørsla og vart arrestert 15. september 1942 og sat i fengsel resten av krigen. På grunn av kunnskapen om sykkelreparasjon arbeidde han og broren Leif T. Birkeland på verkstad i fangenskapen, noko som truleg var grunnen til at dei overlevde fangenskapet. Han opplevde fengesel i Kristiansand, Grini, Sachsenhausen, Staaken-Falkensee, Sachsenhausen og Neuengamme før han vart sett fri 8. mai 1945.

Kjelder[rediger]