Odden Hage

Frå Setesdalswiki
(Omdirigert frå Oddens Hage)
Hopp til navigering Hopp til søk
Odden Hage 2. juni 2017.

Odden Hage er eit vakkert parkanlegg og visningshage på ca 8 000 m2 ved Odden CampingVerksmoenEvje. Anlegget er bygd med ulike temahagar, som ein japansk-inspirert hage, rosehage med over 120 roser og mosehage. Av blomar og buskar kan ein mellom anna finne over 200 ulike rododendronar og ulike fjellplanter. Det er også fiskedam og bru i anlegget. Rett ved parkanlegget ligg Odden Vertshus.

Førebuinga til anlegget starta i 2007, og året etter starta plantinga. Gudrun Salvesen og Jørn Salvesen hadde både late seg inspirere av hagen til det offentlege Baroniet i Rosendal og av private hagar dei hadde sett på turar til Danmark. Gunnar Myklebostad gjorde ein stor jobb med gravemaskin og flytta på stein og lausmassar. I 2009 opna tidlegare statsråd Astrid Gjertsen Odden Hage, nøye planlagt av gartnar Karl Fredrik Lundberg frå Eydehavn og hageteiknaren Anneli Rose Bengtson.

Kjelder

Eksterne lenker