Nordåna steinkvelvbru
Hopp til navigering
Hopp til søk
Nordåna steinkvelvbru.
Foto: Geir Daasvatn
Nordåna steinkvelvbru over Nordåna på Austre Sveindal heilt nord i Audnedal var ein del av den første «hovudvegen» gjennom Mandalen (Postvegen), frå Mandal til Åseral. Brua skal vere bygd i 1832. Byggmeister var truleg Reier Sveindal.
Rett nord for steinkvelvbrua er det brukar etter to trebruer og spor av ei steinhellebru. Det var såleis fire bruer her for å kome over ulike løp i Nordåna.
Kjelder
- Torfinn Normann Hageland, Gamle veger i Vest-Agder, utgjeve av Statens vegvesen, Vest-Agder, 2000, side 212