Nina Susanne Johnsen

Frå Setesdalswiki
(Omdirigert frå Nina Johnsen)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nina Susanne JohnsenSymbol unrelated.svg
Nina Susanne Johnsen.jpg
Født: 22. desember 1964 (60 år)

Nina Susanne Johnnsen (fødd 22. desember 1964 i Kristiansand) er avdelingssjukepleiar open omsorg i Valle kommune frå 2009. Ho fekk utdanninga si på Haraldplass Diakonale Senter i Bergen. Deretter fekk ho fast stilling som sjukepleiar i Vest-Agder fylkeskommune ved sjukehuset i Kristiansand og på Kongsgårdheimen og arbeidde der frå 1989 til 1998. I 1997 flytta familien til Valle. Ho fekk då jobb på Valle Bygdeheim som sjukepleiar og avdelingsleiar.

Nina Johnsen er gift med Grunde Johnsen og har to barn. I fritida baker ho braud og lefse, ho likar handarbeid og er oppteken av å ta vare på gamle tradisjonar, som til dømes setesdalskofte og løyesaum. Ho likar å halde seg i form, trimmar jamnt og er på spinning fast kvar veke. Sang og musikk er ein del av kvardagen hennar, og ho var med i Setesdal syng ABBA.

Politisk engasjement

Ho stod på 3. plass på Høgrelista i Valle 2011 og vart vald inn i Valle kommunestyre. I perioden frå 2007 til 2011 var ho vararepresentant til Valle kommunestyre. Etter at Frode Verpe gjekk inn i ein leiarstilling og trekte seg frå varaordførarvervet, vart ho i 2012 vald til varaordførar.

Kjelder

  • Opplysningar frå Facebooksida hennar og informasjon direkte 12. september 2011