Nils Meidel Møll

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Nils Meidel Møll
Bjelland og Nordtvedt og Møll.jpg
Tre prestar i Valle, Jens Bjelland,
Trygve Nordtvedt og Nils Meidel Møll,
Født: 6. februar 1911
Død: 18. april 1994 (83 år)

Nils Meidel Møll (født 6. februar 1911 i Ny-Hellesund, Søgne, død 18. april 1994) var sokneprest i Valle frå 1977 til 1981.

Møll vart student i 1929 og cand.theol. frå MF i 1937. Deretter tok han praktikum, og så vart han ordinert i 1939. Første tenesta hans var som hjelpeprest i Bygland same året som han vart ordinert. Frå 1940 til 1943 var han reiseprest i Agder, men i 1943 vart han vikarprest i Herefoss, frå 1945 konstituert sokneprest der. Frå 1948 var han eitt år vikarprest i Agder igjen, men så vart han kretssekretær i Israelsmisjonen for Sørlandet krets. Der var han i 20 år før han igjen gjekk inn i presteteneste, denne gongen som kallskapellan i Vennesla, der han var frå 1969 til 1973. I 1973 vart han sokneprest på Finnøy, som var siste tenesta han hadde før han kom til Valle. Då han slutta i Valle i 1981, vart han pensjonist.

Nils Meidel Møll var gift med Åsta Møll.

Kjelder[rediger]

  • Prester i den Norske kirke og andre teologiske kandidater. Land og kirke 1974. ISBN 8207000104
  • Dødsfall i Norge