Morten Haraldstad

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Morten HaraldstadSymbol confirmed.svg
Valgutspørring Evje og Hornnes pensjonistforening Evjeheimen 040923 (2).jpg
Morten Haraldstad 2023.
Født: 14. mai 1982 (43 år)

Morten Kalland Haraldstad (fødd 14. mai 1982 i Farsund) er frå 12. oktober 2023 ordførar i Evje og Hornnes. Før det var han lektor ved Evje ungdomsskule. Han har arbeidd i kortare tid ved alle grunnskulane i Evje og Hornnes kommune. Han gjekk på Hornnes vidaregåande skule og studerte deretter historie, samfunnsfag, statvitskap ved HiA, Arkeologi og master i historie ved Universitetet i Bergen. Praktisk pedagogisk utdanning tok han ved Universitetet i Agder.

Ved kommunevalet 2011 stod Morten Haraldstad på sjetteplass på KrF-lista i Evje og Hornnes 2011 og vart vald inn i Evje og Hornnes kommunestyre og fekk plass i plan- og bygningsrådet i Evje og Hornnes 2011. Han var med i kommunestyret i perioden 2015–2019, og på nytt vald inn for perioden 2019–2023. Etter valet hausten 2023, der han igjen kom inn i kommunestyret, blei han også vald til ordførar.

Morten bur i Krossen nær Evje sentrum, og er gift med Eli Anne Haraldstad. I fritida er han glad i jakt, friluftsliv og matlaging.

Kjelder