Minnesteinen i Prestegardsmarka

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Minnesteinen 4. juni 2019.

Minnesteinen i Prestegardsmarka er ein svær, flat naturstein som er sett opp på Evje (Prestegarden) sin grunn, ved jernbanelina mellom Prestegarden og Syrtveit. Steinen er reist til minne om ein stor skogbrann som var i området i 1904. Årstalet «1904» er tydeleg hoggen inn i steinen, og ordet «Skogbrand».

Sommaren i denne regionen var ekstremt tørr; så tørr at myrer og bekkar tørka ut, medan lauvskogen visna og furua gulna. Brannen blei mest sannsynleg utløyst av gnistar frå jernbanen, som sette fyr i den ekstremt tørre vegetasjonen. På denne eigedomen blei vegetasjonen på 24 hektar svidd av. Det var vesentleg ungskog på grunnlendt mark som gjekk tapt. Ilden breidde seg og til naboeigedomen Syrtveit.

Kjelder[rediger]

  • Fotografi av brannområdet og bilettekst på nettsida til Anno Norsk Skogmuseum (Digitalmuseum.no)

Kart[rediger]

Laster kart...