Mikkel Olavsson Holen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Mikkel Olavsson Holen
Mikkel O. Holen.jpg
Mikkel O. Holen med kona Gyro
og dottera Ingebjørg (f 1940).
Bilete frå Ingebjørg Vegestog.
Trykt i Heimar og folk i
Bykle
(2006) b. 3 s 308.
Født: 9. februar 1912
Død: 7. september 1990 (78 år)

Mikkel Olavsson Holen (1912-1990) var bonde på Holen der uppe, som han overtok i 1934 etter faren Olav Mikkelsson Holen. I 1939 vart han gift med Gyro Holen, fødd Rygnestad (1912-1997). I 1948 bygde han nytt uthus. Han dreiv garden saman med kona til 1975, då kjøpte dei hus i Nedre Sarv og flytta dit. Han tok med det gamle eldhuset på garden, det hadde han bruka til snekkerverkstad. Her laga han mellom anna kubbestolar.

Familie

Mikkel og Gyro fekk tre barn. Ingebjørg vart fødd i 1940, Olav M. Holen vart fødd i 1942 og Jorunn vart fødd i 1955.

Kjelder