Martin Skjekkeland

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Martin SkjekkelandSymbol unrelated.svg
Martin Skjekkeland.jpg
Født: 19. desember 1943 (81 år)

Martin Steinar Skjekkeland (fødd 19. desember 1943 i Kvinesdal) er professor emeritus i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Agder. Han har særleg arbeidd med dialektologi og sosiolingvistikk og har publisert fagbøker, artiklar og kronikkar om språk og språkutvikling, mellom anna talemålsendring og språkhistorie, målføre og lånord. Han tok hovudfag i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo i 1971 på ei hovudoppgåve om talemålet i Bø i Telemark.

I serien Dialektriket (2013) på NRK var Martin Skjekkeland saman med Yasmin Syed. Fredag 14. oktober 2016 deltok dei på kulturkveld i Bygland Mållag i Ose grendehus og fortalde om arbeidet med programmet. Skjekkeland kåserte om «Kvifor har me dialektgrenser i Noreg?»

Heder

  • Sørlandets kompetansefonds populærvitskaplege pris 2006[1]

Bibliografi

  • Dei norske dialektane (1997)
  • Dialektar i Noreg (2005)
  • Språk og samfunn i endring (2009)
  • Dialektlandet (2010)
  • Språk og kultur – vegar inn i det norske språksamfunnet (2012)

Referansar

Eksterne lenker