Marit Moi
Marit Moi | ||
---|---|---|
Født: | 23. mars 1984 (40 år) |
Marit Moi (fødd 23. mars 1984) er sjukepleiar frå Moisund. Ho tok utdanninga si i Bergen og ville deretter studere internasjonalt helsearbeid. Dermed vart det mastergradsstudie i Sverige. Der ein forelesar tipsa henne om eit prosjekt for å byggje opp sjukepleiarutdanninga i Benghasi, den nest største byen i Libya. Frå 1. september 2012 er ho på plass der, i første omgang for eitt år, som assistent for ein professor frå Canada som skal leie prosjektet.
Etter at mastergradstudiet var ferdig, jobba ho på avgiftingsavdelinga ved Ullevål sjukehus i Oslo. I praksistida under sjukepleiarstudiet jobba ho på ein sjukeheim i Bergen. Det førte til at ho skreiv artikkelen i bladet Sykepleien «Hvor ufin kan en sykepleier være?», ein artikkel som fekk oppslag også andre stader.
Marit Moi har alt medan ho studerte vore interessert i hjelpearbeid. Ho har vore i Mongolia, India, Kamerun og Madagaskar for å sjå og vere med i hjelpearbeid. Frå april 2012 har ho vore prosjektleiar for eit prosjekt i Sør-Sudan i regi av Buddies for Africa for å bygge ein barneskole og å skaffe reint vatn. Ho følgjer opp i høve til økonomi og tidsplan og orienterer gjevarar om situasjonen.
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd: Skal vere med å byggje opp etter Gadaffi. Artikkel i Setesdølen nr. 64, 2012 side 12
- Informasjon frå Marit Moi 15. august 2012