Marcus André Berg

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Marcus André BergSymbol unrelated.svg
Marcus Andre Berg.jpg
Født: 1988 (alder 30–31)

Marcus André Berg (fødd 1988) er domkantor i Oslo domkirke. Han er frå Skudeneshavn og fekk si første undervisning av den lokale kantoren der, Julia Harbrecht. Då han begynte på Skeisvang videregåande skole, fekk han Njål Steinsland som lærar. I 2011 fullførte han kandidatstudiet i kyrkjemusikk på Norges Musikkhøgskole. To år seinare avslutta Marcus André Berg utdanninga si frå Noregs musikkhøgskule med mastergrad i utøvande orgel. I masterprosjektet sitt tok han for seg den franskromantiske orgelsymfonien med musikk av Franck, Widor, Vierne og Dupré. Ved musikkhøgskolen hadde han Bjørn Boysen, Harald Herresthal, Jon Laukvik og Terje Winge som veiledere i orgelspill, og Inger-Lise Ulsrud som lærer i orgelimprovisasjon.

Berg er også komponist og har studert komposisjon med Trond Kverno og Olav Anton Thommessen. Våren 2014 vann han 1. pris i komponistkonkurransen «International Edvard Grieg Competition for Composers».

I 2012 vart han kantor i Majorstuen kirke eitt år. Frå 2013 har han stilling som kantor i Vålerengen kirke og frå hausten 2013 har Berg undervist i orgel på Talentutviklingsprogrammet ved Noregs musikkhøgskule som universitetslektor. I 2015 vart han også domkantor i Oslo domkirke.

Berg held jamleg solokonsertar og blir ofte brukt som akkompagnatør.

Diskografi[rediger]

I 2016 gav han ut albumet «At midnight hour» saman med Amelie Aldner, ei utgjeving med mellom anna klassiske operaperler akkompagnert på orgel.

Konsert i Valle[rediger]

På konserten i Valle kyrkje onsdag 25. juli 2018 speler han m.a. Percy Whitlocks «Plymouth Suite» og Christian Heinrich Rincks «Introduction, Thema, Variationen & Finale».

Kjelder[rediger]