Lars Petter Sveen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Lars Petter SveenSymbol unrelated.svg
Født: 30. oktober 1981 (38 år)

Lars Petter Sveen (fødd 30. oktober 1981) er ein forfattar frå Fræna i Romsdal. Han er utdanna bibliotekar og har arbeidd på Deichmanske bilbliotek i Oslo. Han har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland og har også studert historie. I 2008 debuterte han med novellesamlinga Reise frå Fræna. For den fekk han både Tarjei Vesaas sin debutantpris, Aschehougs debutantstipend, Sunnmørsprisen, Den norske leserprisen og utøverstipend frå Bud og Fræna sparebank. I 2011 kom andreboka, Eg kjem tilbake, også den var noveller. Men i 2015 kom hans første roman, Guds barn. For den fekk han Nynorsk litteraturpris og Bokhandlernes forfatterstipend. Den var også nominert til fleire prisar. Den fjerde boka hans heiter Fem stjerner og kom i 2017.

Måndag 19. mars 2018 klokka 18 besøkte han Valle folkebibliotek med bokbad saman med Kjersti Torbjørnsen.

Kjelder[rediger]