Kvernhusbekken (Frøysnes)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Kvernhusbekken kjem ned lia like sør for husa i Nordigard på Frøysnes, og renn ut i Åraksfjorden. Han tek til oppe i dalsøkket bak husa, men spring ikkje ut frå noko vatn eller myrområde. Det er difor bare vatn i bekken når det er mykje nedbør haust og vår. I gamal tid skal det ha vore kvern i bekken, og også ei smie.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, 2006, side 21
- Norgeskart.no