Krokan (Lidtveit)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Krokan 13. oktober 2025. Husa med grunn er skilt frå med bnr. 17.

Krokan er ein eigedom (gnr. 22 bnr. 4) på Lidtveit i Åraksbø i Bygland. Eigar er Olav Lidtveit (f. 1950).

Historie

Krokan var husmannsplass under bnr. 1 på Lidtveit frå kring 1843. Det var ein av dei betre husmannsplassane i Bygland. I 1898 blei plassen skild frå bnr. 1 og fekk bnr. 4. Husmannen Olav Nilsson Krokan (1840) blei då sjølveigar og gardbrukar. Sonen Nils Olavson Krokan (f. 1874, d. 1915) overtok småbruket etter faren. Nils døydde i ei drukningsulykke i 1915. Kona Gyro Kristensdotter Arneberg (f. 1880, d. 1952) sat med bruket til sonen Olav Nilsson Krokan (1915) var blitt vaksen og kunne ta over småbruket.

Olav Krokan var gift med Gro Halvorsdotter Lidi. Dei sat på Krokan til 1971. Då flytta dei lenger ned i Åraksbø, og selde hus og hustufter i Krokan til Egil Enger i Kristiansand. Resten av Krokan heldt dei igjen for seg sjølve. Den nye (fråskilte) delen har namnet Krokan II (gnr. 22, bnr. 17) og er i dag (2026) eigd av Bernt Enger (f. 1945).

Kjelder

Kart

Laster kart...