Knut Ernst Neset

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Knut Ernst Neset
Født: 5. juni 1944
Død: 18. april 2013 (68 år)

Knut Ernst Neset (fødd 1944, død 18. april 2013) var elektrikar på Evje. Han etterlot seg barna Helge, Viggo og Wenke, svigerbarn, barnebarn og øvrig familie. Gravferda var frå Evje kyrkje fredag 26. april 2013 klokka 12.

Knut sovna inn i heimen sin på Bygland, der han var fødd og oppvaksen. Men han hadde sterk tilknytning til Åseral, der mora kom frå. Som ung reiste han til sjøs i mange år før han busette seg på Evje. Han arbeidde i mange år hos Evje Elektroservice. Sidan etablerte han einmannsføretaket Knuts Elektroverkstad. Med dette som utgangspunkt ytte han service rundt om i distriktet, og han fiksa det som måtte ordnast.

Kilde[rediger]

  • Dødsannonse i Setesdølen nr. 31, 2013 side 2
  • Sigurd Haugsgjerd: Knut Neset til minne. Minneord i Setesdølen nr. 31, 2013 side 4