Knut Åknes

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Knut Åknes
Født: 18. mai 1888
Død: 1956 (alder 67–68)
(Knut Åknes og bilen. Frå fotosamlinga til Alf Georg Kjetså)

Knut Tarjeison Åknes (1888-1956) var fotograf på Åknes i Åseral. I tillegg var han sjåfør i Åseralsruta (Mittingruta). Han var bror til landhandlaren på Åknes, Olav Tarjeison Åknes.

Knut T. Åknes var son til Tarjei O. Austegard på Åknes og Ingebjørg K. Liestøl på Austegard. I bygdeboka står at han levde frå 1888 til 1956, og at han er fotograf og bilførar.

Han kjøpte i 1937 branntomta etter Åseral Turisthotell som brant i 1931, og bygde hus der som han kalla Fagernes. Kona heitte Hilma Sofie Hansen som var fødd 1904 i Lyngdal, og dei hadde ikkje born. Hilma var enke i nokre år etter 1956.

Kjelder

  • Åseral - Gard og Ætt - Bind 1, side 474 og 496

Kta.jpg


Eksterne lenker