Karl Johan Sverdrup Lund

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Karl Johan Sverdrup Lund
Født: 22. juli 1883
Død: 31. oktober 1973 (90 år)

Karl Johan Sverdrup Lund (fødd 22. juli 1883, død i oktober 1973) var den nest yngste sonen til Ole Lund og Heloise Lund. Han fekk utdanning som underoffiser, men han likte seg best som kroppsarbeidar, og då særleg som skogsarbeidar. I 1907 reiste han til Amerika. Der arbeidde han i skogen, på farm og til slutt på eit sagbruk.

Han vart i 1933 gift med Irene Susie Watts, men vart skild i 1935. Dei fekk dottera Shirley Jean Lund i 1934. Ho vaks opp i Spokane og faren er gravlagd i Fairmount Memorial Park, Spokane, Washington.[1]

Kjelder[rediger]

Referanser[rediger]

  1. Gravlagde i Fairmount Memoial Park. Referansen seier Oct 00, så i malen står det 31. oktober, nyttar siste dag i mnd for å få mal til å verke.