Karl Höller

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Karl Höller
Født: 25. juli 1907
Død: 14. april 1987 (79 år)

Karl Höller (født 25. juli 1907 i Bamberg, død 14. april 1987 i Hausham) var ein tysk komponist i seinromantisk tradisjon. Han kom frå ein musikkfamilie på begge sider. Faren Valentin Höller var organist i Bamberg-katedralen i 40 år, bestefaren og oldefaren var også organistar. Mora var sangerinne. Karl var tidleg interessert i orgelet og begynte i kyrkjekoret alt som seksåring. Etter å ha studert piano, orgel og cello i Bamberg, studerte han komposisjon med Hermann Zilcher på konservatoriet i Würzburg. Han kom så til München der han tok eksamen i komposisjon og orgel i 1929. Frå 1933 var han lærer på akademiet i München, frå 1937 på konservatoreit i Frankfurt. I 1938 kom han tilbake til München og sidan var han lærar der til 1972.

Höller var ein produktiv komponist som skreiv for piano og vokal, orkestermusikk, kammermusikk, filmmusikk, hørespillmusikk og musikk for orgel.

Tysdag 26. april 2016 presenterte Niklos K. Besteland to av hans orgelverk i programmet Postludium i Valle Radio:

  1. Koral og Koralpreludium. Edgar Krapp på orgelet i Konserthuset i Bamberg/Bayern
  2. Die Sonn' hat sich mit ihrem Glans gewendet. Koralpassacaglia. Hans Leitner på orgelet i Passauer Dom.

Kjelder[rediger]