Jorunn Budalshei

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Jorunn BudalsheiSymbol unrelated.svg
Født: 5. april 1936 (83 år)

Åse Jorunn Nordenborg Budalshei (fødd 5. april 1936) kom til Iveland i 1959. Ho arbeidde i helsevesenet og er kjent for sine mange prologar til ulike arrangement i kommunen. Mest kjent er ho nok likevel for arbeidet med å få fram att den gamle Ivelandskofta og bunaden. Ho var aktiv i det frivillige foreningslivet, mellom anna i Iveland ungdomslag og Iveland bygdekvinnelag. Ho fekk fart på leikarringen og var ei viktig drivkraft bak trekkspelklubben i 1970-åra. Sangen hennar, Vil du være med i idrettshallen, vart mykje nytta ved samlingar i Ivelandshallen. Ho har vore ei eldsjel bak Bestestaua og var saman med Finn Bjørn Rørvik grunnleggjaren av Bygdebrevet. For innsatsen sin fekk ho Iveland kommune sin kulturpris for 2014.

Kjelde[rediger]