Jon Bjones

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Jon BjonesSymbol unrelated.svg
Jon bjones.jpg
Født: 25. juni 1941 (77 år)

Jon Bjones (fødd 25. juni 1941 i Bykle) er ordlisteforfattar og pensjonert lektor i Bø i Telemark. Han tok til som lektor på Bø gymnas og statsrealskule i 1968. I 1981 kom den fyrste ordlista hans, som var eit samarbeidsprosjekt mellom han og Halvor Dalene og hadde tittelen: Nynorsk ordliste for alle. Sidan har det blitt nye ordlister om lag kvart femte år. Han er medarbeidar i NPK – språket, utgitt av Nynorsk pressekontor på Kunnskapsforlaget i 2010. Som pensjonist arbeider han med dataprogrammet Ordnett, som er eit dataprogram med jamføring mellom nynorsk og bokmål. Han er og spaltist i «Bø blad», som kjem ut kvar torsdag, der han kombinerer fagfeltet sitt og kommunikasjon med avislesarane.

Etter at han hadde gått på Hornnes landsgymnas frå 1957 til 1961, hadde han militærteneste som artillerist. Så studerte Jon Bjones filologi på Blindern og vart lektor med faga tysk hovudfag, norsk og idéhistorie mellomfag. I studietida var han timelærar i tysk ved Fagerborg skole i Oslo skuleåret 1965-65. I 1966 underviste han i norsk ved Hamburg Universität, men frå 1. august 1968 har han vore ved Bø vidaregåande skule, dei første 30 åra som undervisar og hovudlærar i språkfag. Han var og tillitsvald for NUFO i 11 år. Frå 1998 til han gjekk av med pensjon i 2007 var han studieinspektør.

Etter ei tid på Bø gymnas kom han med i arbeidet som rektor Halvor Dalene gjorde for å lage nynorsk ordliste. Då Halvor Dalene måtte gje seg på grunn av helseproblem, overtok Jon Bjones alt saman og har halde på med dette sidan den tid. Den fyrste tida kom ordlistene ut på Universitetsforlageet, men ordboksavdelinga vart seinare overteken av Kunnskapsforlaget.

Jon Bjones er medlem av Bø Rotary, og var klubben sin president for året 2010-2011. Han er gift med Anne Løhaugen frå Øyestad, som han tilfeldigvis vart sitjande bak på opptakingsprøva på Hornnes. Dei har tre barn og fem barnebarn og har budd i eige hus på Langkåshaugen i Bø sidan 1971.

Bibliografi[rediger]

  • NPK-språket - ordliste og språkråd. 2010 - 472 s. ISBN 978-82-573-2137-6
  • Lingua 2005 ISBN 978-82-573-1625-9
  • Lingua - nynorskordliste med skrivereglar 2004 ISBN 82-573-1525-7
  • Landskapet opnar seg cop. 2002 - Festskrift til Olav Mosdøl ISBN 82-996219-0-9
  • Nynorsk ordliste for alle 1996 ISBN 82-00-22608-5
  • Nynorsk ordliste for alle 1993 ISBN 82-00-21855-4
  • Nynorsk ordliste for alle 1991 ISBN 82-00-21065-0
  • Nynorsk ordliste for grunnskulen 1991
  • Nynorsk ordliste for alle 1986 ISBN 82-00-07761-6
  • Nynorsk ordliste for alle cop.1981 ISBN 82-00-01934-9
  • «Geistesgeschichte» som litterær metode 1968

Kjelde[rediger]