Johanne Skoe

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Johanne Skoe
Født: 1927
Død: 2020 (alder 92–93)

Johanne Skoe (f. Greibrokk 1927, død 2020) var gymnastikklærar i Bø og gardkone i Lunde i Telemark. Ho var fødd og oppvaksen i Grendi i Bygland. Foreldra var Knut Greibrokk (f. 1895) og Gunhild Greibrokk (f. Simonsen 1893).

I ungdomen var Johanne ein framifrå friidrettsutøvar. Ho var den første noregsmeistaren i friidrett frå Setesdal. Totalt blei ho noregsmeistar ti gonger: seks i lengde utan tilløp, tre i høgdehopp og eitt i kule. Ho var ein allsidig idrettsutøvar, og vann tre sølvmedaljar og to bronsemedaljar i trekamp (100 meter, diskoskast og høgdehopp). Ho fekk også ein sølvmedalje og to bronsemedaljar i femkamp (60 meter hekk, høgdehopp, kulestøyt, lengdehopp og 800 meter). Alt i alt vann ho 31 medaljar i noregsmeisterskap. Ho deltok også i fleire landskampar for Norge.

Johanne representerte først Grendi IL, men melde seg inn i Oslo IL etter at ho flytta frå heimbygda.

Kjelder