Johan Nikolai Frantzen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Johan Nikolai Frantzen
Johan Nikolai Franzen.jpg
Født: 1808
Død: 28. desember 1868 (alder 59–60)

Johan Nikolai Frantzen (1808 i Oslo, død 1868 i Inderøy[1]) var prest i Valle frå 1844 til 1856, dei to siste åra som prost i Råbygdelaget. Kona hans, Anna Kristine Frantzen, var fødd i København. Dei fekk 10 barn, sju av dei vart fødde i Valle.

Ute i hardt ver[rediger]

Torjus Åkre skriv om han i Bygdesogeskrifter frå Valle og Hylestad

Ettermannen til Dahl vart Johan Nikolai Frantzen. Han var fødd i 1808 i Oslo. Faren var matros og drukna på ei sjøreis då sonen var berre 2 ½ år. - sat etter med 3 born i små kår. Men guten var lærenem, så fleire gode menn - mellom dei res. kap. W. A. Wexels - hjelpte han til å studere til prest. Han måtte skøyte til sjølv med ymse slag arbeid, rekneskapsførar og huslærar, før han tok preste-eksamen i 1833. Han var så lærar og kapellan på fleire stader. Frå Slidre i Valdres kom han til Valle i 1844 og var med og vigsla den nye kyrkja. Frå 1854 var han prost i Råbygdelag til han 2 år etter vart sokneprest på Ørlandet i Trøndelag, men flutte seinare til Innerøy der han døydde i 1868.

Soneprest Peder Blom kom til Valle 8 år etter at Frantzen hadde reist, og seier i sin «Beskrivelse» at «Frantzen var en begavet, videnskabelig interessert, vittig mand med skarp forstand. Han var sterkt påvirket av sin ungdom lærer og velynder W. A. Wexels, hvis reviderede forklaring han vilde indføre i Valle, men blev bekjæmpet af Hauges venner». I bolken om «Skulen i Valle» er det fortalt meir om denne striden, som stod på i årevis.

Med han var i Valle, gav han ut «Christelige Psalmer til Huusandagt og Skolebrug», likeeins ei preikesamling av norske prestar. Han vart ikkje sett høgt som salmediktar. Salmane var trøyttande, einslungne og jamt utan stemning, vart det sagt. Landstad tok berre med «Satan skal i støvet tredes» i si salmebok, og retta ho mykje. Same salmen står i Nynorsk salmebok. Under inntrykket av Amerika-feberen som auka i prestegjeldet, dikta han «Det land, hvor dagen lys jeg så». Han skreiv og mykje om aktuelle spørmsål som var oppe i tidi, og elles fleire minnedikt. Han måtte såleis vere ein mann som kunne sanne Grundtvigs ord at «Intet menneskeligt er mig fremmed».

Han var ung og tiltakshuga og skjøna det var mykje å gjere i Valle. Folk var konservative meir enn i ei lei, og han såg som si oppgåve å rettleie og vekkje sokneborni til levande kristentru. «Lysvåkent for alt skjønt og stort herneden». Hadde Haugevenene høyrt og lært meir av han, så hadde både dei og arvtakarane deira sloppe den harde kritikken m.a. av to prestar og ein bisp, som me skal høyre om seinare.

Skulane låg han varmt på hjarta, men for skuld hard motstand fekk han ikkje gjere så mykje i den lei som han ynskte. Han var kanskje av naturen noko hastig av seg, og denne motbøren kunne gjere han meir oppfarande med åri. Ein vår var det skule-eksamen på Helle. Presten sat i høgsætet ved langbordet. På paden framanfor sat ei jente som togg kvåe. Presten tøygde seg fram og smelte til jenta under øyra så ho seig i tilet. Ein medhjelpar som var tilstades hadde mot til å seie: «No far, for du gale! Du fær ikkje svar av borni etter dette». Så gjekk det og.

Skar fortel at ei onnor vende reiste to medhjelparar beint til presten og truga med å kjrære seg for bispen. «Men då gav han gode godt». Bygdefolk hadde mykje godt å fortelje om han då Skar kom til dalen. Han var så gild ein prest og ein talar av dei beste. Han såg jamt til dei gamle og sjuke, og var særs gjevande. Han fekk mykje tiend-korn, som han gav og lånte bort i skarpe tider. Blom kunne og skrive: «Frantzen mindes af mange i Valle med stor kjærlighed».

Kjelde[rediger]

  • Bygdesogeskrifter frå Valle og Hylestad side 153-154

Eksterne lenker[rediger]