Johan Koren Dahl

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Johan Koren Dahl
Johan Koren Dahl.jpg
Født: 25. januar 1803
Død: 21. desember 1850 (47 år)

Johan Koren Dahl (fødd 1803 i Bergen, død 1850 i Byneset) var prest i ValleHylestad kyrkje og Valle kyrkje vart bygde. Han var og den første ordførar i kommunen.

Ein «godmodig» prest - men tiltaksam[rediger]

Torjus Åkre skriv om han i Bygdesogeskrifter frå Valle og Hylestad

Johan Koren Dahl vart sokneprest etter Arup. Han var presteson og fødd i Bergen i 1803 og såleis eldre enn føremannen, og kom godt til med haugianarane. Det syner nok at eit brev Olav H. Kyrvestad skreiv til han: «Da jeg har kjendt dem som en meget god wen i de mange år De var hos os som wor Lærer og Prest og alltid omgikkes i oprigtig Wenskabelighed.» Han var gåverik, god til å syngje og sprje borni og passa seg for å støyte lesarane med ytre ting. I midten av 1830 åri kom P. M. Søegård til Valle att, og Dahl bad han vere med til haustmessa i Bykle ihop med Ole K. Tvedten, som tok mot skatt. Tidleg om laurdag bar det av garde på kvar sin hest. Den unge Søegård ville jage på hestane, då det gjekk så høgleg. «Vi må fare stilt og rolig frem, som det anstår Bygdernes Øvrighet», forsegna den «godmodige» Dahl. Men då dei kom på Reimaroen, sa presten dei skulle kappride, «og med Hånden på Sadelknappen satte han avsted på sin raske hest slig, at vi ikke kunne følge ham».

Dahl fekk skipe ein sundagsskule for vaksen ungdom. Fagi var skriving, norsk og landkunne, og han var sjølv lærar. Han gjekk og igjennom grunnlovi med innføring i samfunnslære. 29 elevar gjekk på kurset.

Den gamle kyrkja på Bjørgum vart rivi og ny sett opp på Rysstad. Likeeins gjekk det med Valle kyrkje i 1843, same året han vart kalla til sokneprest i Byneset ved Trondheim, der han døydde berre 47 år gamal. Han var prost dei siste to åri han var i Valle.

Attåt at Dahl var prest i 3 sokner og hadde tilsyn med skular og fattigstell, var han den første ordføraren. På ymse måtar var det kommunale sjølvstyret førebutt då formannskapslovi kom i 1837. Som før nemnt, hjelpte Forliksrådet til dette, likeeins arbeidet Lund og Åmodt gjorde. Om den åndelege sirkelen ikkje femnde så vidt, så såg mange at kreftene kunne brukast til anna enn karsstykke. Alle skjøna kva makt det kommunale sjølvstyret gav dei. formannskapsprotokollen for 1838 og åri etterpå er full av saker om vegar, bruer, ferjer o.a. som vedkom bygdi. Men det kom og klårt fram, at det var bondeinteressene og deira eigne synspunkt som var avgjerande, som ikkje underleg var.

Jacob von der Lippe vart utnemnd til bisp i 1841, og same året visiterte han Valle prestegjeld. Han var ein frisk forkynnar og arbeidde ihuga for folkeedruskap og betre skular. Visitasmeldinga tykkjest vere meir positiv enn vanleg.

Kjelde[rediger]

  • Bygdesogeskrifter frå Valle og Hylestad side 153-154