Ingeborg Haugen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Ingeborg Haugen
Født: 12. juli 1897
Død: 3. juni 2004 (106 år)

Ingeborg Haugen (fødd 12. juli 1897, død 3. juni 2004) budde i Camrose, Canada. Ho var frå Innistog Åmli. Som ung fekk ho i 1918 spanskesjuken, men overlevde sjukdomen. Sidan tok ho teneste som husjomfru hos Dedekam i Arendal, der ho mest vart som ein del av familien. Men i 1939 reiste ho til Canada for å gifte seg med Olav Pålson Haugen. Han var ein barndomsven som var blitt enkemann. Dei adopterte sonen Norman Haugen. I 1962 døydde Olav, då leigde ho ut farmen og reiste til Norge. Etter å ha vore heime eitt år, kom ho tilbake til Canada. Der selde ho sidan farmen og fekk seg hus i Camrose, der ho budde til ho var nesten 100 år. Den siste tida budde ho på pleieheimen Bethany. Ho var ofte tilbake til Norge, siste gongen i 1987, då ho feira 90-årsdagen i Valle.

Kjelder[rediger]