Ingebjørg Lie
Ingebjørg Lie | ||
---|---|---|
Født: | 14. mai 1918 | |
Død: | 16. juni 2010 (92 år) |
Ingebjørg Lie (fødd 14. mai 1918, død 16. juni 2010) budde på Lie i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Ho etterlet seg dottera Ragnhild og annan familie. Gravferda var frå Hornnes kyrkje fredag 25. juni 2010 klokka 13. Etterpå var det minnestund på Hornnes bedehus.
Ingebjørg Lie hadde saman med sin avdøde mann, Bergtor Lie, stor interesse for misjonsarbeid. Dei skipa kvart år til misjonsstemne på pinsedag heime på Lie. Sjølv var ho med i Moi og Tønnesland kvinneforening for Det Norske Misjonsselskap. Denne foreninga var stifta rundt 1930 og 29. oktober 2007 hadde foreninga sitt siste foreningsmøte. Det skjedde i heimen til Ingebjørg Lie, som då hadde vore formann i foreninga i lang tid. Kvart år bruka foreninga å ha basarar på Hornnes bedehus. Også i samband med gravferda vart det gjeve gåve til NMS.
Kjelder
- Dødsannonse i Setesdølen nr. 51, 2010 side 2
- Leif Johannsessen: Takk til Moi og Tønnesland kvinneforening Artikkel i Norsk Misjonstidende nr. 1, 2008