Holumgrava

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Holumgrava er eit gravfunn frå 2023 på Holum i Valle. Under skaving av jorda på ei høgde synte det seg ei nedgraving som kan vere ei grav frå vikingtida. Det blei funne eit sverd, Holumsverdet, om lag 70 cm langt men delt i to. Vidare ei lanse, ca. 50 cm lang. I tillegg blei det funne eit bronsebeslag, ei tidlegare forgylt bronsespenne, 15 glassperler, ymse jernbitar og nokre bitar trekol.

Funna er (2023) hos Kulturhistorisk museum for nærare gransking. Ei mellombels tolking av gravgodset peikar i retning av ei grav frå vikingtid, rundt år 800.

Kjelder

Kart

Laster kart...