Herdis Lien

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Herdis LienSymbol unrelated.svg
Født: 23. februar 1959 (62 år)

Herdis Lien (fødd 23. februar 1959) er konservator og formidlingsleiar på Svalbard museum, ei stilling ho har hatt sidan 2004. Ho er cand.philol. med hovudfag i etnomusikologi frå Universitetet i Bergen. I hovudoppgåva Kveding eller song? - Eit studium av stilistiske trekk i norsk vokal folkemusikk studerte ho om yngre kvedarar syng annleis enn dei eldre som dei har lært av. Konklusjonen hennar var at skilnaden ikkje var så stor som det blir hevda. Resultata hennar la ho fram på kvedarseminar i Valle i 2002. Då var Herdis Lien, som er frå Møsstrond i Vinje, tilsett ved Folkemusikkarkivet i Telemark.[1]

Folkemusikkinteressa hennar måtte vike for polarhistorie då ho fekk jobben på Svalbard museum. Ho skreiv to artiklar i Setesdølen om isbjørnfangst på Svalbard for 60 år sidan: I Bjåen-karane sitt eventyrrike (Setesdølen nr. 23, 2015 side 6 og 7) og Setesdølane lafta hytta på Sudøya (Setesdølen nr. 26, 2015 side 6 og 7). Dette førte til at ho torsdag 4. juni 2015 hadde foredrag på Bjåen Fjellstove om Bjåen-karane som var fangstmenn på Svalbard.

Kjelde[rediger]

Referanser[rediger]