Helga Birgit Bjørnarå
Helga Birgit Bjørnarå | ||
---|---|---|
På Vardenuten i Bykle. | ||
Født: | 1. oktober 1984 (40 år) |
Helga Birgit Bjørnarå (fødd 1. oktober 1984) tok til som folkehelserådgjevar i Aust-Agder fylkeskommune sommaren 2012. Ho er dotter til Magnhild Bjørnarå og Torgeir Bjørnarå i Bykle.
Ho gjekk på Hovden skigymnas og var aktiv langrennsløpar til ho var 19 år. Då flytta ho ut og prioriterte studiar framom idrett. Ho har teke grunnfag i idrett og samfunnsfag og treårig bachelorstudium i folkehelsearbeid ved Høgskolen i Agder. Deretter tok ho eit arbeidsår og jobba i sportsbutikken XXL i Kristiansand med ansvar for ski og sykkel før ho fekk ansvar for skoavdelinga.
Folkehelsevitskap
Sidan jobba ho deltid i butikken medan ho tok mastergrad i folkehelsevitskap. Masteroppgåva hennar frå 2012 hadde tittelen Breakfast habits and screen activities - an assessment of the association between breakfast habits and weight status among parents of 10-12 year olds, and the test-retest reliability of questions measuring screen activities at meals among school-aged children and one of their parents. Oppgåva er skriven i artikkelform og inneheld to artiklar, samt ein rammetekst som utdjupar desse to artiklane. Det er då den eine hovudartikkelen er innsendt til tidsskriftet Public Health Nutrition for å bli vurdert for publisering.
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd: Byklar i folkehelsas teneste. Artikkel i Setesdølen nr. 58, 2012 side 7